Daggry barnehage ligg på Valderøya, i Giske kommune, ca 10 min. frå Ålesund gjennom undersjøiske tunneller. Vi ligg sentralt i kommunen ved Giske rådhus, og har kort veg til naturområder i skogen og ved sjøen.

 Barnehagen har 4 avdelinger med 72 plassar for barn 1 - 6 år, med eigne småbarnsavdelinger. Barnehagen tilbyr heil, 80% og 60% plass.

Barnehagen har leik og livsmeistring som satsingsområde, og dette barnehageåret har vi hovudtema "Leik for livet!" Læring i barnehagen skjer gjennom leik og utforsking, barna skal få lære med heile kroppen og alle sanser. Tryggleik og omsorg er grunnleggande for læring. Vi har fokus på gode verdier, vennskap, danning, forebygging mot mobbing og barns medverknad, når barna gjennom leiken lærer basiskompetanse til å meistre livet sitt no og i framtida.

 I Daggry barnehage legg vi stor vekt på trivsel og glede, sang / musikk, sosialt samspel, språkutvikling, og bruk av naturen som læringsarena. Barnehagen har sitt eige barnekor: "Daggry barnehagekor".

Nærare omtale av innhald under sidene "Pedagogisk plattform" og "Årsplan".

Opningstid : Mand-fred. kl 6.45 -17.00. Barnehagen er open heile sommaren, og med redusert opningstid i romjula og påskeveka. Barnehagen er også stengt 5 studiedager for personalet pr. barnehageår.

Eigar av barnehagen er Sunnmøre Indremisjon, og barnehagen har utvida kristen formålsparagraf, med visjonen: "- med Guds kjærleik til barna".

 

 

Barnehagenyheter
Dokumenter du kan laste ned